Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Avsluttande blogginnlegg

Denne bloggen har stått stille i to år. Eg har fleire gongar prøvd å formulere det som eg no har satt meg ned for å skrive. Nedanfor kan du lese årsaken til at eg brått stoppa å blogge om utvekslingsoppholdet i Japan. Det er ei personleg og trist historie som eg ikkje vil tvinge nokon til å lese, men som eg legg ut for i det minste å ha ei slags avslutning på bloggen.

Kortversjonen er som følger: På grunn av eit uventa, brått og tragisk dødsfall i familien måtte eg reise heim til Noreg så fort som mogeleg.

For nøyaktig to år sidan fekk eg ein grusom beskjed heimifrå. Det var ein vanleg formiddag i leiligheiten min i Kyoto, men det kjentes som om noko var gale. Eg hadde fått ei urovekkande og litt uforståelig melding frå ein av mine beste vener via Facebook tidlig på dagen. Kjærasten min var komt på besøk, og me skulle eigentleg gå ein tur ut, men me drøyde det litt fordi eg venta på eit oppklarande svar frå kameraten min. Telefonen i leiligheten ringte, og eg fekk eg høyre mor mi si stemme i andre enden. Ho sa at eg burde setja meg ned. Ho fortalde deretter at den eldste av mine to storebrødre hadde omkomt i ei trafikkulukke på det glatte vinterføret på vei frå Bergen til Stord.

Ulykka skjedde måndag  den 22. februar 2010, og på grunn av blant anna tidsforskjellen mellom Noreg og Japan fekk eg vite kva som hadde skjedd på formiddagen tirsdag 23. februar. Det er ikkje anna å seie enn at den veka blei prega av ei grusom kjensle av tap, forvirring og sorg.

Fredag kveld/natt til lørdag samme veke var kjærasten min og eg på vei frå Kyoto til Tokyo med nattbuss. Derifrå gjekk turen til Narita internasjonale flyplass, vidare med fly til København, Oslo og til slutt Bergen. Der blei det eit sterkt gjensyn med familiane våre. Den siste veka hadde vore prega av eit enormt stressnivå, bl.a. med å sende heim bagasje og ting som me ikkje hadde plass til i koffertane, ombestilling av flybillettar, telefonsamtalar med bedriftene som leigde ut leiligheitane våre, rydding og utflytting. I den tida fekk eg ekstremt god støtte frå venner på Facebook. Samstundes fekk me veldig god praktisk hjelp frå eit par amerikanske venner som me hadde blitt kjent med i Kyoto. Eg vil eigentleg berre rette ein stor takk til alle som tenkte på meg, sa gode ord og kunne gi støtte i ei så vanskelig tid. Aller mest gjeld det kjærasten min, som eg kunne dele sorga og fortvilelsen med. Takk.

Advertisements

Min første videoblogg, filma onsdag 17. februar. Innholdet er litt tilfeldig og uplanlagt, men ein plass må ein jo starte. For å sjå ein større versjon av vloggen kan du klikke her.

… er det mest sannsynlig fordi nokon har lagt til matcha (grønn te) i oppskrifta. I dette tilfellet er det Kit Kat fra Nestlé som har ein veldig grønn versjon av sin vanlige kjekssjokolade. Det er derimot ikkje uvanlig at Kit Kat kjem med spesielle smakstilsetningar.

No har eg blitt såpass vant til japanarane sin kreativitet når det gjeld mat, og blir derfor ikkje så overraska når eg finn grønn sjokolade. Kanskje nokon der ute syns konseptet er litt uappetittelig? Forutan matcha er det også tilsatt kinako, som er eit pulver eller mjøl laga av rista soyabønner. Kinakopulveret gav kjeksen i sjokoladen ein ekstra piff og passa godt sammen med sjokoladen.


Når det gjeld smak, minnar den meir om den kvite sjokoladen Kit Kat-varianten er basert på, enn vanleg sjokolade. Like tydelig som sjokoladen er grønn er også smaken av matcha. Det er dessverre litt vanskelig å forklare sjølve smaken til den spesielle teen, men eg kan nevne at det trengs litt trening og tilvenning for å setje stor pris på den. Eg er nok framleis litt for uerfaren. Smaken var likevel heilt grei og ganske søt, for å sei det sånn. Eg foretrekker nok likevel matcha-is på ein varm sommardag, og vil nok nøye meg med å kjøpe Kit-Kat med matcha og kinako berre denne eine gangen.

Å gå på jakt etter uvanlige Kit-Kat-smakar, som ofte også er «limited edition», kan vere ein fullverdig og krevande hobby. Eg er nok eigentleg totalt nybegynnar, men prøver så godt eg kan. Dersom du vil ta ein kikk på ein ihuga Kit-Kat-sjokoladefan, kan du jo ta ein tur innom «Jen Ken’s Kit Kat blog».

Forutan å vere den læraren med det desidert mest typiske japanske etternavnet, er Yamada-sensei (sensei = lærertittel) ein særskild godhjerta og snill person. Det fekk klasse A2 erfare då han rett og slett inviterte heile klassen heim til leiligheten sin på lunsj- og kaffibesøk.

Mange godsaker, blant anna spaghetti med rogn, laksesushi og camembert med tomater.

Tidlig lørdag morgon etter semesterslutt satte min kjære og eg kursen mot den nordlige utkanten av Kyoto og Yamada-sensei sin leilighet. For å ikkje komme på besøk tomhendt, noko som blir rekna for å vere uhøflig, gjekk me innom ein butikk og kjøpte med oss litt salat til lunsjen. Yamada-sensei hadde også sagt at me måtte ta med litt mat som alle kunne dele på, sidan det «einaste han kunne lage» var spaghetti med fiskerogn. Då me kom fram til leiligheten, var allerede tre av våre klassekameratar tilstades. Det samme var også Mitsui-sensei, ein av dei andre lærarane me har hatt dette semesteret. Yamada-sensei var i full gang  på kjøkkenet med å lage sin spesialspaghetti og ein del butikkjøpt sushi var allereie på bordet. I tillegg kom salaten vår, kjeks i fleire fasongar og eit par asjettar med ost og tomater.

To av lærarane våre, Mitsui-sensei til venstre og Yamada-sensei til høgre.

Resten av klassen kom litt etterkvart. Me spiste lenge og prata mykje saman på japansk. Spesialspaghettien, som eg hadde vore litt skeptisk til, viste seg å vere spesielt god. Då det var tid for «dessert» var det ikkje måte på kor mykje snacks og søtsaker som kom på bordet saman med kaffien. Medan me drakk kaffi, fortalde Yamada-sensei historiar frå den tida då han var utvekslingsstudent i Kina på 70-tallet. Delar av kvardagen hans den gongen som t.d. spionmistanker, altvitande politi og medstudentar som ble gitt ansvar for å halda auga med deg fordi du var utlending, var ting som verkeleg gjorde inntrykk. Yamada-sensei gjentok fleire gongar «det var ei sånn tid» (そんな時代だったんだ) og forklarte at utvekslingssituasjonen hans var ganske forskjellig fra det som me er vant til.

Stilig og grønn rullekake med smak av matcha (grønn te). Eg plasserte sjølv jordbæret på toppen til pynt.

Besøket varte ei god stund og var ikkje minst veldig lærerikt både kulturelt og sosialt sett. Då det var tid for å takke for seg, blei Yamada-sensei med oss ut for å guide oss litt rundt i Kamigamo-jinja, som er shintohelligdommen som ligg i nærheten av leiligheten hans.

Sola hadde akkurat gått ned då me gjekk til Kamigamo-jinja. Etter denne gåturen var det farvel til Yamada-sensei, iallefall for min kjære og eg som avslutta utvekslinga dette semesteret.

Det er på ein måte litt synd at ein på så kort tid blir veldig godt kjent med ein lærar, men så oppdagar ein at semesteret er over og det er tid for å sei farvel. Ikkje minst må det seiast at det ikkje berre er Yamada-sensei som har gjort inntrykk; dei aller fleste lærarane eg har hatt ved Ritsumeikan er nemlig dyktige og kjekke lærarar som eg kjem til å huske i lang tid framover.

Dette er eit lite tilbakeblikk til onsdag den 20. januar. For mange andre markerte denne dagen slutten på eit semester og byrjinga på ein lang ferie, på samme måte som avslutninga før sommarferien var for meg. Nettopp på grunn av dette var eg godt forberedt på korleis ting skulle gå for seg. Det er likevel rart å tenke på at arrangementet denne dagen var det aller siste eg deltok på som utvekslingsstudent ved Ritsumeikan.

Mitsui-sensei (sensei=lærer) holdt ein tale og gav helsingar frå alle lærarane til dei forskjellige klassane. Fleire andre holdt talar, deriblant ein representant for utvekslingsstudentane og visekansler Hiroshi Ueda.

Instruktør for Shamisenklassen blir presentert.

Shamiseninstruktør Tokizo Tokiwazu forklarer litt om kulturvalfaget og undervisninga.

Shamisenklassen gjer seg klar til å spele. Det var ekstra morsomt å sjå fra publikums synspunkt, sidan eg deltok og spelte shamisen sjølv på den forrige avslutningsseremonien.

Repertoaret hadde blitt endra og det var, hovudsakleg fra jentene, meir flott synging denne gangen. Sjølve spelinga bar preg av at dei var nybegynnarar, noko som såklart ikkje er til å unngå.

Folk byrjar å samle seg i kafeteriaen etter endt seremoni.

Me blei som vanlig nødt til å vente på at alle skulle bli klare til å skåle med brus, jus eller te før festen kunne starte.

Det er som oftest veldig få folk som setter seg ved bord, da det er nødvendig å mingle litt rundt for å få tak i mat og drikke. Dessuten er det jo meir sosialt og dynamisk å stå og spise.

Bevis for fullført utvekslingsopphold blir utdelt til heiarop og applaus mens folk spiser.

Sammen med beviset får ein utdelt ein presang og ein cd med eit bildeslideshow fra året ein har vore student ved Ritsumeikan.

Du trur kanskje at dette blir siste bloggpost fra Japan for denne gong? I så fall tar du nok feil, for eg blir i Kyoto i litt mindre ein og ein halv måned til. Eg vil jo prøve på å skrive litt meir før flyet går heim til Norge den 23. mars.

Lønn for strevet: Kvit taiyaki laga av mochi med vaniljekremfyll. Bonuspoeng til meg for uteliggerhansker.

Loggen nedanfor skildrar den siste faglige innsatsen eg gjorde ved Ritsumeikan Universitet, og er eit framhald på forrige bloggpost. Denne posten markerer også min litt antiklimatiske avslutning på mitt studieopphold ved Ritsumeikan. Sett bort frå eit par tidspunkt som er tatt frå mobilmeldingar og liknande, er fleire av tidspunkta tatt frå hukommelsen og er derfor omtrentlige gjetningar.

Fredag 22. januar – oppgavedeadline kl. 16.00:

7.55 Eg blir vekt av vekkerklokka på mobilen.

7.56 Etter å ha sjangla ut av senga, plukka med meg mobilen og eliminert alarmen på vei tilbake i senga, sovner eg vel vitande om at eg snart får ein telefon…

8.01 Min kjære ringer som bestilt og tvinger meg med søvnig stemme til å stå opp. Eg kjem meg på beina og forsikrer ho om at eg er oppe.

8.03 Morgenrutinen blir utført, frokost inntatt og alt det der…

9.20 Eg har pakka tinga og kjem meg ut døra. Litt tregare enn forventa etter å ha våkna (les: blitt vekt) så tidlig, men likevel mykje tidligare enn gårsdagen.

10.12 Eg har komt meg til campus og biblioteket. Rigger meg til på ein ledig arbeidsplass med strømuttak. Har med meg rett strømkontakt denne gangen.

11.17 Eg får melding fra min kjære med teksten «Du er våken og jobber hardt?». Eg svarer at eg har ei side igjen å skrive, og må skrive meir utfyllande på avslutninga og konklusjonen.

11.20-13.00 Konstant jobbing med oppgaveskriving.

13.01 Eg har komt til rundt 4 og ei halv side. Byrjar å tvile på at eg kan skrive meir utfyllande for å få det til å bli fem sider.

14.05 Min kjære kjem til biblioteket for å lese gjennom. Det er fremdeles berre eit par linjer over halvparten av femte side, men det viser seg at eg ikkje klarer å skrive meir. Me retter engelskfeil og rare formuleringar.

14.34 Det er kø for å kome inn på datarommet på biblioteket for å skrive ut oppgåvene. Me møter såvidt på to av våre amerikanske venner, Brian og Cynthia.

14.40 Etter å ha printa ut oppgåvene, møter me dei sistnemnte amerikanarane igjen. Me avtaler å møtast på Subway på campus for å spise lunsj. Det er for min del ca. seks timar sidan siste måltid, altså frokost.

14.48 På ein uhøgtidleg måte leverer me oppgavene våre i ei pappeske utanfor lærarens kontor.

14.57 Eg bestiller sandwich på Subway med grilla kylling, kremost og grønnsaker, i tillegg til ein stor kopp kaffi. Setter meg ned med dei andre og me snakker om kor rart det er å vere ferdig.

15.30 Min kjære og eg tar ein tur til banken for å setje inn pengar til husleige.

16.12 Etter å ha gått litt rundt, hovudsaklig i retning toget som skal ta oss heim, stikker me innom ein butikk som spesialiserer seg på kvit Taiyaki. Me kjøper kvar vår Taiyaki og feirer at me er ferdige med alt skulearbeid. Hurra!

Taiyaki: Mochi-goodness med sjokoladefyll, men vaniljekremen smaker bedre. Bonuspoeng igjen for trendy uteliggerhansker.

Dette er ein logg av den nest siste dagen ved Ritsumeikan, som for min del blei den 21. januar, dagen etter avslutningsseremonien for utvekslingsstudentane. Loggen skildrar korleis eg brukte tida på å skrive ei fem-siders oppgave i faget som handla om japansk politikk. Deadline var fredag 22. januar kl. 16.00. Litt stress, men eg trur eg hadde situasjonen under kontroll for det meste (sjølv om eg støytte på eit par hindringar). Det er uansett morro å sjå tilbake på i etterkant.

Torsdag 21. januar:

8.35 Vekkerklokka ringjer for første gong. Eg besøkjer toalettet i halvsøvne, legger meg igjen og utset vekkerklokka ein halvtime.

9.00 Framleis for trøtt til å møte dagens utfordring. Vekkerklokka slås av og på ved hjelp av snooze…

9.35 Eg forlater ei mjuk og varm seng og sender melding til min kjære om at eg har klart å stå opp. Deretter følger dusjing og påkledning i veldig sakte tempo.

10.30 Frokost inntas i form av ei banan og frokostblanding. Du verden så tregt det går.

11.20 Eg pakker med meg bøker, laptop og strømadapter for deretter å tusle avgårde til toget. Det regner litt, så eg tar med meg ein paraply.

12.05 Etter å ha funne meg ein ledig plass i den temmelig fulle lesesalen, går eg og henter ei av bøkene som omhandler emnet eg skal skrive om. Den nevnte boka er ikkje til heimlån, så det er lite anna eg kan gjere enn å jobbe med oppgava på biblioteket.

12.10 Eg får melding fra min kjære om at ho er ferdig med sin siste eksamen.

12.15-14.00 Jobbing med oppgava.

14.02 Museknappen på laptopen slår seg vrang og takker for seg.

14.30 Eg kjøper lunsj og ei datamus til laptopen på den hendige konbini/kontorrekvisita-butikken som ligg på campus. Lunsjen består av ein bento med ris, frityrstekt reke og karbonade. Deretter spiser eg ei melonbolle og drikk kaffi.

16.26 Batteriet på laptopen begynner å ta slutt, men eg er heldig og klarer å få meg ein arbeidsplass med strømuttak.

16.27 Eg oppdagar at eg har tatt med meg feil stikkontakt til strømforsyningen. Deretter bruker eg to minutter på å beundre min eigen tabbe og vurdere kva eg skal gjere. Målaren på laptopen viser at det er mindre enn 10 minutter igjen før batteriet går tomt.

Problemet: Eg gjorde ein tabbe og tok med meg kun MacBook-strømforsyningen og den utbyttbare kontakten til venstre på bildet. Kontakten til høgre er den av den korrekte, japanske typen.

17.19 Toget i retning leiligheten min går i rute som alltid. Istadenfor å brenne av rundt 2700 yen på eit adapter fra den tidligare nevnte butikken, har eg bestemt meg for å ta ein rundttur heimom for å hente rett stikkontakt. Medan eg sit på toget byrjar eg å skrive på dette blogginnlegget ved hjelp av iPoden.

18.40 Eg er tilbake på campus etter å ha vore heimom for å hente rett stikkontakt. Tar ein rask kikk bortom på kafeteriaen i nærheten for å sjekke stengetida, som eg oppfattar til å vere kl. 21.30. Går deretter for å setje meg til å arbeide på biblioteket.

20.27 Eg sender melding til min kjære om at eg har skrive 557 ord. Deadline, som er klokka 16.00 i morgon, tikker stadig nærmare.

21.00 Sulten på middag pakker eg ned tinga mine og går fra biblioteket til nærmeste kafeteria på campus. Det er på mystisk vis blitt stengt, og eg må nøye meg med ein Soyjoy (med blåbærsmak) henta fra bunnen av veska og ein kopp kaffi fra ein automat.

21.15 til 21.53 Eg returnerer til arbeidsplassen i tredje etasje på biblioteket og jobber fram til det kun er minutter igjen til stengetid.

22.19 Dagens fjerde tur med Randen.

22.34 Eg bestiller middag på Suki-ya, ei restaurantkjede som spesialiserer seg på donburi. Japansk curry med oksekjøtt og onsen-tamago. Som tilbehør velger eg salat og misosuppe.

Suki-ya: Japansk curry med misosuppe og salat. Omnomnom!

23.30 Vel heime og med ambisjonar om å leggje meg i tolvtida. Eg sit meg ned for å jobbe litt på rapporten…

02.20 Eg oppdagar kor seint det har blitt. Rapporten har no blitt tre sider lang og har fått fin referanseliste, men mangler fremdeles to sider innhold. Morgondagen startar kl. 8 og blir nok hektisk.