
Ein frisørsalong pynta med eit tradisjonelt og flott juletre i vindauga.
Berre for å nevne det på forhånd, dette innlegget kjem til å handle om alt og ingenting; kort sagt, det blir ein ganske lang og klisjéprega bloggpost.
Det har blitt 1. desember og relativt kaldt, spesielt om morgonen og kvelden. Likevel observerte eg i dag eit par jenter ikledt shorts. Det er utrulig nok ikkje unormalt, skuleuniformen er jo tross alt vanlegvis skjørt og knestrømper året rundt. Men det såg temmelig kaldt ut uansett. Ellers har det dukka opp ein god del blinkande julepynt og glitrande juletre, både i butikkvindauge og i/på/utenfor vanlege hus. Matbutikken eg var innom på handletur spelte kristne julesongar på engelsk over lydanlegget. Så moro, tenkte eg og flirte litt for meg sjølv. Det er berre litt synd det næraste eg kjem «norsk» julemat er ein haug med klementiner.

Effektiv studering på høgt plan i kaféteriaen på campus. iPod Touch med kanjiordbok, kaffe og melonbolle (ja, den skal vere grønn).
Kvardagen går mykje i heimearbeid og forberedelsar til undervisning, presentasjonar og prøvar. I dag hadde eg ein presentasjon av ein artikkel frå ei japansk avis. Det gjekk for det meste ut på å forklare innholdet, lese litt av teksten og sei kvifor ein valde akkurat den artikkelen. Eg hadde funne ein kort sak som omhandla håndholdte spillmaskiner og markedet for forskjellige konsollar, spesielt iPhone og muligheten til å kjøpe og laste ned spill for ein billig penge.
I morgon er det prøve i grammatikk, og eg har derfor vore opptatt med repetisjon og oppfrisking av reglar i minst eit par timar i dag. Heldigvis klarte eg å komme gjennom nesten heile pensumet.

Juletre plassert nær inngangen til det superfancy handlesenteret som husa teateret der Wicked blei vist. Mange av musikalgjengarane, deriblant oss sjølve, stoppa opp for å ta bilde av det spektakulære, rosalilla juletreet.
På fredagen som var, tok kjærasten min og eg ein tur til Osaka for å sjå på musikalen Wicked, ein av favorittmusikalane til min kjære. Den var sjølvsagt på japansk, men eg hadde undersøkt historien på forhånd og det var derfor ikkje noko problem å få med seg handlinga. Det er ikkje stort anna å sei enn at det var ein fantastisk musikal med tonnevis av underholdande effektar, ei god historie og flinke skodespelarar som gav 120% gjennom heile forestillingen.

Ein av mange attraksjonar i Arashiyama-området; ein stor og flott tempelhage.
Både på laurdag og søndag gjekk me for å sjå på høstlauvet som med god grunn har opptatt både japanarar og turistar si merksemd dei siste vekene. Det er mildt sagt ikkje mangel på knallsterke raude og orange fargar i japansk natur no mot slutten av hausten. Den første staden me besøkte var ein tempelhage som om kveden blir opplyst av lys i mange fargar. Tempelets berømte «light-up» attraksjon er utruleg populær, noko som gjorde at me måtte stå ein drøy halvtime i kø for å kome inn. Bilder frå besøket blir å finne på Flickr-sida mi så snart eg får lasta dei opp…

Arashiyama, ei heil fjellside dekka av haustfargar.
På søndag var me (igjen) ein tur til Arashiyama, natur- og turistområdet som absolutt ikkje har mangel på attraksjonar. Det var, som bildene viser, fullt av folk som hadde komt for å betrakta høstlauvet. Lunsj (og snop) blei kjøpt i matbodane som vanligvis dukker opp der det samler seg mykje folk.

"Nam, snop! Glaserte jordbær og epler!" = Happy girlfriend...
No gjekk eg tom for ting å skriva om, så derfor avbryt eg innlegget ganske kjapt og brått akkurat her med eit bilete av kjærasten. Det er fremdeles litt uteståande repetisjon å gjere til prøven i morgon, derfor ynskjer eg samtlige lesarar ein glimrande dag og seier takk for meg.