Forutan å vere den læraren med det desidert mest typiske japanske etternavnet, er Yamada-sensei (sensei = lærertittel) ein særskild godhjerta og snill person. Det fekk klasse A2 erfare då han rett og slett inviterte heile klassen heim til leiligheten sin på lunsj- og kaffibesøk.
Tidlig lørdag morgon etter semesterslutt satte min kjære og eg kursen mot den nordlige utkanten av Kyoto og Yamada-sensei sin leilighet. For å ikkje komme på besøk tomhendt, noko som blir rekna for å vere uhøflig, gjekk me innom ein butikk og kjøpte med oss litt salat til lunsjen. Yamada-sensei hadde også sagt at me måtte ta med litt mat som alle kunne dele på, sidan det “einaste han kunne lage” var spaghetti med fiskerogn. Då me kom fram til leiligheten, var allerede tre av våre klassekameratar tilstades. Det samme var også Mitsui-sensei, ein av dei andre lærarane me har hatt dette semesteret. Yamada-sensei var i full gang på kjøkkenet med å lage sin spesialspaghetti og ein del butikkjøpt sushi var allereie på bordet. I tillegg kom salaten vår, kjeks i fleire fasongar og eit par asjettar med ost og tomater.
Resten av klassen kom litt etterkvart. Me spiste lenge og prata mykje saman på japansk. Spesialspaghettien, som eg hadde vore litt skeptisk til, viste seg å vere spesielt god. Då det var tid for “dessert” var det ikkje måte på kor mykje snacks og søtsaker som kom på bordet saman med kaffien. Medan me drakk kaffi, fortalde Yamada-sensei historiar frå den tida då han var utvekslingsstudent i Kina på 70-tallet. Delar av kvardagen hans den gongen som t.d. spionmistanker, altvitande politi og medstudentar som ble gitt ansvar for å halda auga med deg fordi du var utlending, var ting som verkeleg gjorde inntrykk. Yamada-sensei gjentok fleire gongar “det var ei sånn tid” (そんな時代だったんだ) og forklarte at utvekslingssituasjonen hans var ganske forskjellig fra det som me er vant til.

Stilig og grønn rullekake med smak av matcha (grønn te). Eg plasserte sjølv jordbæret på toppen til pynt.
Besøket varte ei god stund og var ikkje minst veldig lærerikt både kulturelt og sosialt sett. Då det var tid for å takke for seg, blei Yamada-sensei med oss ut for å guide oss litt rundt i Kamigamo-jinja, som er shintohelligdommen som ligg i nærheten av leiligheten hans.

Sola hadde akkurat gått ned då me gjekk til Kamigamo-jinja. Etter denne gåturen var det farvel til Yamada-sensei, iallefall for min kjære og eg som avslutta utvekslinga dette semesteret.
Det er på ein måte litt synd at ein på så kort tid blir veldig godt kjent med ein lærar, men så oppdagar ein at semesteret er over og det er tid for å sei farvel. Ikkje minst må det seiast at det ikkje berre er Yamada-sensei som har gjort inntrykk; dei aller fleste lærarane eg har hatt ved Ritsumeikan er nemlig dyktige og kjekke lærarar som eg kjem til å huske i lang tid framover.



