Eg har lenge neglisjert kategorien «Mat og drikke» her på bloggen. Hittil har eg berre skrive ein anmeldelse av ein brus som kun finst her i Japan. Derfor tenkte eg at det var på tide med ein ny anmeldelse, eller rettare sagt ein anmeldelse av to lignande produkt, nemlig to forskjellige variantar av Kit Kat-sjokolade fra Nestlé.
I Japan er Nestlé, som forresten er verdas største produsent av mat- og drikkevarer, kjent blant anna for dei mange smaksvariantane av Kit Kat dei har lansert. Blant desse smakane finn me melon, grønn te, kirsebærblomst, kiwi og jordbær. Dessverre er ikkje alle variantane tilgjengelig samtidig, sidan det ofte er snakk om limited edition eller sesongbaserte lanseringar. Eg har prøvesmakt Kit Kat med mangosmak og smak av «Ramune».
Først må det nemnast at «Ramune» er ein type brus med sitron- og limesmak. Brusen i seg sjølv er ikkje særlig ekstraordinær, det er heller den spesielle glassflaska som har gjort den til eit kjent varemerke. Kit Kat-varianten kjem i ein blå pose med bilde av glassflaska og eit ellers «sprudlende» design som skal forestille kullsyrebobler. Sjølve sjokoladen, som kjem i mindre porsjonspakkar, har ein småskummel og bleik grønnblå farge. Smaken er så smått syrlig og minner svært lite om sjokolade i det heile tatt. Faktisk minner den litt om tyggis. Den litt rare og spennande sjokoladen er ellers god nok i små mengder, men ein kan fort bli lei. Dessutan er det vanskelig å kombinere den med f.eks. melk, kaffi eller noko anna snop, då brussmaken blir dominerande og overdøyver søtsmaken.
Mangovarianten, som eigentleg har navnet «Mango Purin» (mangopudding) kjem sjølvsagt i ein mangofarga pakke med bilde av den nemnte desserten. Sjokoladen har ein sterkare oransjefarge enn pakningen, og ser veldig innbydande ut. Eller er det kanskje det berre fordi oransj er ein farge eg liker veldig godt? Uansett, då eg smakte denne varianten for første gong fekk eg assosiasjonar til ein kremete mangosmoothie. Absolutt ingen dårlig assosiasjon, med andre ord. God og søt mangosmak sammen med den sprø kjeksen inni sjokoladen passa ganske godt sammen, men kan bli for søtt i store mengder, spesielt sammen med melk. Derfor blei ikkje Kit Kat med mangosmak ein sjokolade som eg har oppsøkt og kjøpt ofte. Både Ramune- og mangovarianten er basert på kvit sjokolade og er derfor å anbefale til entusiastar av denne typen sjokolade.
Om det blir til at ein prøver ein ny variant av Kit Kat berre ein gong, syns eg som oftast at det er verdt investeringa. Det gjeld kanskje ikkje for ein variant som eg ikkje syns var noke god i det heile tatt, nemlig Kit Kat med smak av roseblomst. Dessverre har eg ikkje eit bilete tilgjengelig, men eg kan fortelje at både eg og kjærasten min syns den smakte roseparfymert såpe. Den dagen eg møter nokon som liker å spise såpe, skal eg anbefale Kit Kate Rose til dei.
Til slutt kan eg nevne ein grunn til at Kit Kat er ein kjempepopulær sjokolade i Japan. Når det uttales på japansk, kan navnet nemlig minne om «kitto katsu», som grovt oversatt blir til setningen «å vinne uten tvil». Derfor vil gjerne den jevne, nokså overtroiske japanske eleven eller studenten gå til innkjøp av ein Kit Kat på dager med viktige eksamener eller prøver.

