Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Min første videoblogg, filma onsdag 17. februar. Innholdet er litt tilfeldig og uplanlagt, men ein plass må ein jo starte. For å sjå ein større versjon av vloggen kan du klikke her.

… er det mest sannsynlig fordi nokon har lagt til matcha (grønn te) i oppskrifta. I dette tilfellet er det Kit Kat fra Nestlé som har ein veldig grønn versjon av sin vanlige kjekssjokolade. Det er derimot ikkje uvanlig at Kit Kat kjem med spesielle smakstilsetningar.

No har eg blitt såpass vant til japanarane sin kreativitet når det gjeld mat, og blir derfor ikkje så overraska når eg finn grønn sjokolade. Kanskje nokon der ute syns konseptet er litt uappetittelig? Forutan matcha er det også tilsatt kinako, som er eit pulver eller mjøl laga av rista soyabønner. Kinakopulveret gav kjeksen i sjokoladen ein ekstra piff og passa godt sammen med sjokoladen.


Når det gjeld smak, minnar den meir om den kvite sjokoladen Kit Kat-varianten er basert på, enn vanleg sjokolade. Like tydelig som sjokoladen er grønn er også smaken av matcha. Det er dessverre litt vanskelig å forklare sjølve smaken til den spesielle teen, men eg kan nevne at det trengs litt trening og tilvenning for å setje stor pris på den. Eg er nok framleis litt for uerfaren. Smaken var likevel heilt grei og ganske søt, for å sei det sånn. Eg foretrekker nok likevel matcha-is på ein varm sommardag, og vil nok nøye meg med å kjøpe Kit-Kat med matcha og kinako berre denne eine gangen.

Å gå på jakt etter uvanlige Kit-Kat-smakar, som ofte også er “limited edition”, kan vere ein fullverdig og krevande hobby. Eg er nok eigentleg totalt nybegynnar, men prøver så godt eg kan. Dersom du vil ta ein kikk på ein ihuga Kit-Kat-sjokoladefan, kan du jo ta ein tur innom “Jen Ken’s Kit Kat blog”.

Forutan å vere den læraren med det desidert mest typiske japanske etternavnet, er Yamada-sensei (sensei = lærertittel) ein særskild godhjerta og snill person. Det fekk klasse A2 erfare då han rett og slett inviterte heile klassen heim til leiligheten sin på lunsj- og kaffibesøk.

Mange godsaker, blant anna spaghetti med rogn, laksesushi og camembert med tomater.

Tidlig lørdag morgon etter semesterslutt satte min kjære og eg kursen mot den nordlige utkanten av Kyoto og Yamada-sensei sin leilighet. For å ikkje komme på besøk tomhendt, noko som blir rekna for å vere uhøflig, gjekk me innom ein butikk og kjøpte med oss litt salat til lunsjen. Yamada-sensei hadde også sagt at me måtte ta med litt mat som alle kunne dele på, sidan det “einaste han kunne lage” var spaghetti med fiskerogn. Då me kom fram til leiligheten, var allerede tre av våre klassekameratar tilstades. Det samme var også Mitsui-sensei, ein av dei andre lærarane me har hatt dette semesteret. Yamada-sensei var i full gang  på kjøkkenet med å lage sin spesialspaghetti og ein del butikkjøpt sushi var allereie på bordet. I tillegg kom salaten vår, kjeks i fleire fasongar og eit par asjettar med ost og tomater.

To av lærarane våre, Mitsui-sensei til venstre og Yamada-sensei til høgre.

Resten av klassen kom litt etterkvart. Me spiste lenge og prata mykje saman på japansk. Spesialspaghettien, som eg hadde vore litt skeptisk til, viste seg å vere spesielt god. Då det var tid for “dessert” var det ikkje måte på kor mykje snacks og søtsaker som kom på bordet saman med kaffien. Medan me drakk kaffi, fortalde Yamada-sensei historiar frå den tida då han var utvekslingsstudent i Kina på 70-tallet. Delar av kvardagen hans den gongen som t.d. spionmistanker, altvitande politi og medstudentar som ble gitt ansvar for å halda auga med deg fordi du var utlending, var ting som verkeleg gjorde inntrykk. Yamada-sensei gjentok fleire gongar “det var ei sånn tid” (そんな時代だったんだ) og forklarte at utvekslingssituasjonen hans var ganske forskjellig fra det som me er vant til.

Stilig og grønn rullekake med smak av matcha (grønn te). Eg plasserte sjølv jordbæret på toppen til pynt.

Besøket varte ei god stund og var ikkje minst veldig lærerikt både kulturelt og sosialt sett. Då det var tid for å takke for seg, blei Yamada-sensei med oss ut for å guide oss litt rundt i Kamigamo-jinja, som er shintohelligdommen som ligg i nærheten av leiligheten hans.

Sola hadde akkurat gått ned då me gjekk til Kamigamo-jinja. Etter denne gåturen var det farvel til Yamada-sensei, iallefall for min kjære og eg som avslutta utvekslinga dette semesteret.

Det er på ein måte litt synd at ein på så kort tid blir veldig godt kjent med ein lærar, men så oppdagar ein at semesteret er over og det er tid for å sei farvel. Ikkje minst må det seiast at det ikkje berre er Yamada-sensei som har gjort inntrykk; dei aller fleste lærarane eg har hatt ved Ritsumeikan er nemlig dyktige og kjekke lærarar som eg kjem til å huske i lang tid framover.

Dette er eit lite tilbakeblikk til onsdag den 20. januar. For mange andre markerte denne dagen slutten på eit semester og byrjinga på ein lang ferie, på samme måte som avslutninga før sommarferien var for meg. Nettopp på grunn av dette var eg godt forberedt på korleis ting skulle gå for seg. Det er likevel rart å tenke på at arrangementet denne dagen var det aller siste eg deltok på som utvekslingsstudent ved Ritsumeikan.

Mitsui-sensei (sensei=lærer) holdt ein tale og gav helsingar frå alle lærarane til dei forskjellige klassane. Fleire andre holdt talar, deriblant ein representant for utvekslingsstudentane og visekansler Hiroshi Ueda.

Instruktør for Shamisenklassen blir presentert.

Shamiseninstruktør Tokizo Tokiwazu forklarer litt om kulturvalfaget og undervisninga.

Shamisenklassen gjer seg klar til å spele. Det var ekstra morsomt å sjå fra publikums synspunkt, sidan eg deltok og spelte shamisen sjølv på den forrige avslutningsseremonien.

Repertoaret hadde blitt endra og det var, hovudsakleg fra jentene, meir flott synging denne gangen. Sjølve spelinga bar preg av at dei var nybegynnarar, noko som såklart ikkje er til å unngå.

Folk byrjar å samle seg i kafeteriaen etter endt seremoni.

Me blei som vanlig nødt til å vente på at alle skulle bli klare til å skåle med brus, jus eller te før festen kunne starte.

Det er som oftest veldig få folk som setter seg ved bord, da det er nødvendig å mingle litt rundt for å få tak i mat og drikke. Dessuten er det jo meir sosialt og dynamisk å stå og spise.

Bevis for fullført utvekslingsopphold blir utdelt til heiarop og applaus mens folk spiser.

Sammen med beviset får ein utdelt ein presang og ein cd med eit bildeslideshow fra året ein har vore student ved Ritsumeikan.

Du trur kanskje at dette blir siste bloggpost fra Japan for denne gong? I så fall tar du nok feil, for eg blir i Kyoto i litt mindre ein og ein halv måned til. Eg vil jo prøve på å skrive litt meir før flyet går heim til Norge den 23. mars.

Eldre innlegg »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.